NCE%20CleanTech%20logo

Beyonder har nå blitt klyngepartner i NCE Maritime CleanTech

11.10.2019
I nyheten fra NCE Maritime CleanTech kan du blant annet lese mer om etableringen av Beyonder Battery Center på 6000m2

(Kilde: NCE Maritime CleanTech/News, 10. oktober 2019)

Beyonder jobbar med ei hybridløysing i batteriverda som skal kombinera høg effekt, rask lading, større tryggleik og lengre levetid. I løpet av 2020 vil dei dobla talet på tilsette og finna 6000 nye kvadratmeter å veksa vidare i.

– Me ser det som utruleg interessant for oss som underleverandør å vera med i NCE Maritime CleanTech. Mange av våre partnarar og andre store aktørar i næringa er allereie medlem i klynga. Me håpar me kan læra mykje, men me håpar også å bidra i potensielle utviklings– og forskingsprosjekt. I framtida vil me også levera produkt til forskjellige applikasjonar, seier Svein Kvernstuen, dagleg leiar i Beyonder.SATSAR: Dagleg leiar i Beyonder, Svein Kvernstuen, har store planar for 2020. I sommar blei dei medlem av NCE Maritime CleanTech. Foto: BeyonderStavanger-baserte Beyonder blei medlem i næringsklynga NCE Maritime CleanTech i juni. Selskapet blei oppretta i 2016.

– I dag har me tolv tilsette. Målet er å dobla dette talet i løpet av 2020. Me er også i gang med å finna nye lokale og har behov for nokre tusen kvadratmeter til eit Beyonder Battery Center. Dette senteret vil bli eit forskings- og pilotproduksjonssenter, i samarbeid med Universitetet i Stavanger vil me driva relevant opplæring. Automatisk celleproduksjon skal vera oppe og gå i løpet av hausten 2020, seier Kvernstuen.

Det beste frå to verder

Beyonder jobbar mellom anna med å utvikla morgondagens energilagrings-løysingar for industrieller applikasjonar.

– Me ønskjer å kombinera det beste frå superkondensatorar og litium-ionbatteri. Då får me ei hybridløysing med svært høg effekt, lading på to minuttar, betre tryggleik og lengre levetid, seier Kvernstuen.

Medan litium-ionbatteri kan lagra mykje energi billeg, toler superkondensatorar hundretusenvis av ladesyklusar og kan levera og ta imot veldig store strømstyrkar. Beyonder har sidan oppstarten vore fascinert av superkondensatorar.

– Men produktet har to manglar. Energitettleiken er for låg og produktet for dyrt. Det avgrensar bruksområdet. Det vil me gjera noko med, seier Kvernstuen.

Målet til Beyonder ved å kombinera litium-ionbatteri og superkondensatorar er å laga ein heilt ny type energilager, der ein kan hausta fordelar frå begge teknologiane.

– Dette er ikkje ein ny idè. Det er allereie liknande hybridar på marknaden. Men me brukar ein blanding av ørsmå silisiumpartiklar og karbonpartiklar, som har vesentleg betre eigenskapar enn dei som er tilgjengelege på marknaden, forklarer Kvernstuen.

Lagar eige karbon

Beyonder har ambisjonar om å bli verdsleiande innanfor energilagring, og dersom verksemda klarer å etablera teknologien, opnar det seg ein veldig stor marknad.

For å laga batteri og superkondensatorar treng ein aktivt karbon. Hovudingrediensen i aktivt karbon er oftast kokosnøttskal, og dei mest aktuelle produsentane er etablerte i austen. For å sleppa lang reiseveg, og mogelege koplingar til palmeoljeindustrien, har Beyonder produsert sitt eige karbon.

– Me lagar vårt eige bassert på treflis frå norsk gran. Karbonet vårt presterer betydeleg betre enn anna karbon på marknaden. I tillegg til våre eigne bruksområde, ser me også føre oss å nytta karbonet vårt til mellom anna gass og vassreinsing i framtida, seier Kvernstuen.

Kvernstuen ser på den maritime elektrifiseringa og hybridiseringa som aktuelle område for selskapet sin teknologi.

– Som ny aktør må me gå gradene og vil truleg starta dei første leveransane på mindre installasjonar på land. I framtida har me som mål å få installera applikasjonar også i passasjerferjer og større skip, seier Kvernstuen.

– Framtida blir veldig spennande, mykje takka vera partnarane våre, IFE, og verkemiddelaktørane Innovasjon Norge og Forskingsrådet, som har støtta oss, sluttar Kvernstuen.

https://maritimecleantech.no/2019/10/10/ny-klyngepartnar-utvidar-med-6000-m2-opprettar-beyonder-battery-center/